Stortingskandidater og politikere bør ha lest Koranen

Martin A. Engeset er kandidat for Demokratene i Møre- og Romsdal. Han er levende opptatt av islam og Koranen, og av mange regnet som den nordmannen som har satt seg grundigst inni, og kjenner, den islamske hellige boken best. Alle stortingskandidater bør ha lest Koranen. Det samme gjelder alle journalist mener han. Engeset har skrevet denne artikkelen:

«Islam er på full fart inn i Noreg. Religionen er såpass spesiell, at den vekker mykje strid og motstand. Bør desse årsakene –

  1. Mykje annleis enn andre store religionar om td. rasisme, valdtekt, undertrykking og blod – og ærlegdom.
  2. Striden den vekker.
  3. (Og kan henda fleire årsaker – fx. “forboda” mot integrering.)

– stilla krav om reell kunnskap til dei som skal styra kommuner, fylke og land (politikarane) og dei som er, eller skal vera, hovedformidlarane av informasjon (journalistane – og gjerne lærarane)?

Litt for mange snakkar ut frå fine, kirsebærplukka ideal og moralkoder, men manglande kunnskapar. Pluss dei utelet andre viktige, men mindre populistiske moralkoder – fx. er det lov å tenka på framtida til komande generasjonar, eller vurdera korleis nokre muslimar går fram ute i verda (fx. 800 kyrkjer skadde eller brende pr. år, og mange tusen døde – – – som media ikkje tek for seg).

Mitt forslag: Dei bør dokumentera dei har lese Koranen minst ein gong, og kunne forklara litt om reglane der for lovleg uærlegdom i gjerning og ord (gjerne veta om dei 4-6 hovedformene), rasisme (gjerne litt om dei tre hovedformene – religiøst, kjønnsleg og homofilt basert), litt om valds- og undertrykkingsmoralen, litt om alle dei faktiske feila og sjølvmotseiingane i boka, og kva dei fortel, og litt kjennskap til prova for at det ikkje er sant at Koranen er orda til ein allvetande gud (det finnest 10-20 slike prov – “The 13 Proofs” listar opp 13, men det er visst fleire).

For kandidatar til Stortinget og for journalistar bør ein kunne kreva litt meir kunnskap, fx. om formålsparagrafane, som at alle vantru skal omvendast, undertrykkast eller drepast,  at Islam skal påtvingast “sjølv om dei vantru vil avsky det” (9/33), inntil dei overlevande “betalar ekstra skatt med villig underkasting og kjenner seg undertrykte” (9/29), eller 60/4 der muslimen(!) Abraham (ca. 2500 år før fyrste sikre sporet etter Islam ca. 691 e.Kr.) fortel det er evig fiendskap og hat mellom muslimar og ikkje-muslimar, meir detaljert om lovleg uærlegdom (fx. 2/225, 5/89, 16/91, 66/2), vers som 23/6, 30/50, 70/30 om lovleg valdtekt (som nett vart trekt fram som positivt av eit universitet i Egypt, “avdi det er ein grei måte å audmjuka motstandarane på” (Muhammed var sjølv valdteksmann)) og å kunne peika ut i alle fall ein del av faktafeila, etc. i Koranen (“1000+ Mistakes in the Quran”, Amazon, listar opp utrulege 2400+) og kunne forklara kva desse provar.

Og ikkje minst litt detaljert om reglane for lovleg uærlegdom, og ordrane om at muslimar ikkje må integrera seg med dei “vantru”.»